M/S Motig I (H 51 H)

Tonnasje

Bruttotonnasje:
35
Nettotonnasje:
11

Maskin/motor

Dimensjoner

Lengde:
59.2'
Bredde:
16.3'
Dypgående:
8.0'
  • HISTORIKK:
    v/H.Larsson-Fedde.

    /1930: Thomas Turøy, Turøy, Bergen - MOTIG I
    i/1958: Johs. T. Turøy, Turøy, Bergen - MOTIG I
    /1958: Ommålt: BRT: 40 tonn. NET: 14 tonn.
    /1975: Johs. T. Turøy m. fl., Turøy, Bergen. - MOTIG I
    2/1987: Eivindvik Slip & Mek. Verk (Johannes Nygård) Bergen - MOTIG I
    10/2006: Harald Krogstad, Trondheim - MOTIG I
    /2016: Fremdeles i fart/Still in service     

    Englandsfarten.

    Forlot Turøy, Herdla den 9. februar 1941 med 12 personer ombord. ankom Lerwick, Shetland den 11. februar.
    Skipper på denne turen var Leif Larsen (Shetland Larsen).

    "Båtar i Fjell", utgjeven av Fjell Kulturminnelag. Redaktør Tore Turøy, 2012, s. 247-250:

    "I byrjinga av februar 1941 jakta tyskarane på ein gjeng norske motstandsmenn. Ein av dei var Leif Andreas Larsen, seinare meir kjend som Shetlands-Larsen. På flukt få tyskarane kom Shetlands-Larsen og folka hans til Turøyna i en liten motorbåt. Veret var for dårleg til å leggje over Nordsjøen, og flyktningane vart difor plassert i eit naust på vestsida i påvente av at vinden skulle løye". De tok båten Mk "Motig 1" H51H.

    "Seinare på ettermiddagen kom det ein robåt baksande inn på bukta, og Alf Larsen som stod på dekk, kjende att dei to i båten - det var eigarane av skøyta. Dei skulle sjå etter om skøyta låg trygt i ruskveret. Og no såg dei at det var fullt mannskap om bord. Som rimeleg var, så var dei ikkje særleg blide for besøket. Leif Larsen meinte det var like godt å seia frå med det same, og oplyste om at dei tok skøyta. Tyskarane var på jakt etter dei inne i Bergen, og Gestapo var på leiting etter dei, og det stod om livet. Dei måtte koma seg bort i en fart. Etter dette foredraget resignerte eigarane. Dersom liv stod på spel, skulle ikkje dei vera til hinder. Dessuten var det Fiskeribanken som eigde mesteparten av båten. [...]

    Søndag den 9. februar kom, og veret var like elendig, men Larsen gjorde likevel skøyta klar for avgang. Han meinte at dei ikkje kunne drya det stort lenger. [...] I elleve-tida om kvelden var det klart for avgang. Det hadde samla seg mange folk som ville sjå dei vel av garde, og då "Motig 1" bakka ut frå kaien og glei utover, blotta dei hovudet og song fedrelandssongen. Kursen vart sett mot Shetland, og "Motig 1" dunka av garde. Det var mykje sjø, og sjølv om kutteren var ein god sjøbåt, var det ikkje til å unngå at det vart mykje slingring. [...]
    Dei hadde kurs for hovudstaden Lerwick på Shetland. Ved innløpet vart dei møtt av eit vaktfartøy og buksert til ein liten kai nedanfor hamnebygget".