M/S Liv (H 11 B)

Class
Skøyte i tre
Nationality
Norway flaggNorway
Build year
1917

Other

  • Participant in WW2
  • Civilian ship

Tonnage

Engine

Propulsion:
Engine size:
12 - 17 HK

Dimensions

Length:
39,5 fot
Beam:
14,3 fot
Draft:
5,3 fot
  • Historikk:

    Ragnar Ulstein, "Englandsfarten. II. Søkelys mot Bergen", 1967, s. 328:

    "M/S "LIV" - H 11 B - drog frå Urangsvåg 21. april 1941 med 4 personar og kom til Lerwick 23. april. Reisa var komen på i hast. Skipperen hadde i siste liten fått vite at ein mann han hadde lova å hjelpe over til England, var gestapoagent. Overfarten var god, og dei fekk landkjenning ved Out Skerries.

    Desse personane var med:
    Mons Habbestad (22 år), Urangsvåg, brørne hans, Gunnar (21 år) og Jonas (19 år), og kameraten Herman Habbestad (20 år), Urangsvåg". Skøyta tilhørte Emanuel Habbestad, far til Mons.

    Privat arkiv avgitt til Stiftelsen Arkivet:

    Emanuel Habbestad kjøpte Listaskøyta LIV i 1936. Den var bygd som losskøyte og var i bruk som det nokre år. Emanuel kjøpte skøyta frå Sørlandet, og brukte ho på sildefiske om vinteren og seifiske om våren. Om sommaren vart fartøyet brukt som fylgjer på brislingen. Dei fiska med liner vest av Bremnes-landet.

    21. april 1941 rømmer sønene til Emanuel, Mons, Gunnar og Jonas Habbestad til Shetland. Nabo Herman Habbestad var også med. Emanuel låg på sjukehus og visste ingenting om at dei reiste. Mons hadde lova ein kar hjelp til å flykte. Han utgav seg for å vere sakførar, men som viste seg å vere ein gestapoagent. Han hadde lova å møte denne karen 22.april.

    Dei bruka 27 timar på reisa over etter å ha hatt ein eksosbrann.  

    Sønene vart verande borte i mange år. Gunnar gjekk inn i handelsflåten, Mons og Jonas i marinen. Nabo Herman gjekk også inn i marinen. LIV vart stroken som kondemnert i merkeregisteret, for å unngå problem med okkupasjonsmakta.

    Skøyta kom heim igjen på ein lekter i dårleg stand, etter å ha vore brukt som blant anna personellferge på den engelske kyst. Skøyta vart ombygd på Nordtveit Skipsbyggeri og skifta ut alle rekkjestøttene, la nytt dekk og fekk nytt styrehus. Etter ombygginga var skøyta 41 fot lang, 15 fot breid og 7 fot djup, og lasta 250 hl sild.

    Emanuel Habbestad brukte skøyta til ulikt fiske i mange år, og sønene var med av og til.

    Etter kommunesamanslåinga i 1963 vart fiskerinummeret H-309-B.

    Utpå 60-talet vart skøyta lagt i opplag ved Habbestadsjøen, og vart tilslutt kondemnert. Likevel vart ho seld for ein billig penge til ein omreisande kar, som snart selde skøyta til nokre svenske turistar. Dei var lite båtvante og forliste på Jærens Rev. Og der sokk Liv.